Overnatting

 • Hytter
 • Bubil og telt
 • Priser

Aktivitetar

 • Vår og sommar
 • Høst og vinter

Informasjon

 • Historikk
 Jølster,kunst og kultur
 • Kart
 • Kontakt oss

English

Norsk

JØLSTER

 

Jølster kommune ligg midt i Sogn og Fjordane og har to tettstadar; Vassenden og Skei. Vassenden ligg to mil frå Førde, og to mil til så er du komen til Skei. Skei er kommunesenteret og ligg midt i Sogn og Fjordane. Her har du eit fint utgangspunkt for å oppleve dei tre regionane Sunnfjord, Nordfjord og Sogn.

 

Jølster er bygda under Jostedalsbreen. Jølster er målaren Nikolai Astrup si heimbygd. Jølster er fiske og friluftsliv. Det tre mil lange Jølstravatnet er ett av Europas beste vatn for fiske etter ørret.

Her kan du utforske Jølster på nett:
Astruptunet
Eikaasgalleriet
Jølster Skisenter
Sunnfjord Golfklubb
Jølster Rafting
Bre og fjell – brevandring på Haugabreen
jølvassbu camping
Jølstramuseet – Privat museum
Norsk Fiskesenter – Fisketurar med guide
Jølster365 – Aktivitetar og reise i Jølster

KUNST OG KULTUR

1921 overtok bestefar til Heidi Fosshein Årdal eit område av farsgarden og bestemte seg for å skape eit bygdemuseum med gamle hus og bruksgjenstandar hovudsakleg frå Jølster. Det skulle også vere ein stad der familie og vener alltid skulle vere velkomne. I 1965 stod det 11 hus på eIigedomen. Til saman var det samla om lag 1200 gjenstandar.

Eivind Fossheim d.y., tok arven vidare. Han tok vare på husa, kjøpte Låven av Eldgrim Fossheim, og opna Jølstramuseet for folket i 1987.
Naturhagen har vore, og er, ein viktig del av han si interesse. Saman med det rike fuglelivet skapar dette ein unik oase i sentrum av Vassenden. Seinare har han, saman med Anna Marie, utvikla kunstgalleri på låven og Norsk fiskesenter

Heidi og Frode overtok Jølstramuseet i 2006. Gjennom dei siste åra har dei lagt til rette for selskap og ulike arrangement. Dei opna kunstkafè i samband med sommarutstillinga i 2014. Deira ynskje er å skape eit levande tun gjennom heile året, for familie,vener, lokalbefolkninga og turistane.Anten du vel å besøke dei i opningstida eller ynskjer eit lukka lag med ein eigen selskapsmeny, koldtbord eller enklare retter, vil dei gjere sitt ytterste for at du som gjest skal ha ei god oppleving.Dei har  ein personleg og uformell stil men ynskjer også at du som gjest skal oppleve kvalitet på både vertskap, omgjevnadane, tilsette og måltidet.I samarbeid med kokk Kim Andre Aase har dei komponert fleire spennande menyar som dei kan tilby deg og dine gjester. Filosofien er å gjere nytte av lokale råvarer i kombinasjon med spennande smakssamansetningar for å skape ei minnerik matoppleving for gjestene.I opningstidene har dei skjenkeløyve for øl og vin, og alle rettigheiter for lukka lag.

Jølstramuseet ligg på Vassenden rett over for Jølvassbu på andre sida av elva.

 



Kurslokalet ligg i Støfringsdalen i Jølster på garden til Bård Støfringsdal og Kjersti Wæhre.

Garden er i aktiv drift med storfe og jordbruk, og har òg ein del skog som vert saga og foredla vidare på gardssaga.

Kari er bonde/husmor og utdanna faglærar i husstell frå Stabekk med lang erfaring som kurs- og foredragshaldar om mat og tradisjonar. Kari er ein av forfattarane av Fjordamat - kokeboka for Sogn og Fjordane, Alle tiders Fjordamat – til høgtider og merkedagar og Ta kaka. I 2008 kom også boka Fjordamat, som er ei revidert utgåve av det beste i dei to Fjordamatbøkene. De kan lese meir om bøkene på www.selja.no

Arbeidet med innsamling, samtale med kjeldepersonar, skriving og utprøving av oppskrifter til bøkene er vorte kunnskap som vert delt med dei som kjem til kurs og oppleving i Fjordamattunet.

Bakstehuset, som kurslokalet vert kalla, er laga til i mjølkerommet og grisehuset i den gamle fjøsbygningen som står i tunet. Rett bak bakstehuset ligg åkeren der det vart dyrka bygg på garden fram til rett etter andre verdskrig. I bygget er det mura ein ny vedfyrt bakaromn der ein kan steikje 24 brød samstundes, og det er laga til eit moderne kjøkken. I tillegg er det langbord, som kan nyttast til baking eller felles måltid. Lokalet kan romme opp til 35 personar, men aktiviteten vil bestemme kor mange ein kan vere.

Om vi tek heile løa i bruk kan vi ha større arrangement, og sommarstid har familien brukt den til bryllaup og bursdagsfeiring. Løa vert også nytta som konsertarena, mellom anna under Førdefestivalen i juli.

Vegen hit

De køyrer E39 frå Førde 17 km eller frå Skei 27 km til skilt merka Langhogane, der tek de av og køyrer 800 m rett fram til de er på gardstunet i Støfringsdal. Sjå kart


ASTRUPTUNET

Sandalstrand, eller Astruptunet som det vert kalla i dag, ligg vel ei mil frå Vassenden og omlag 15 km frå Skei på sørsida av Jølstravatnet. Nikolai Astrup kjøpte denne gamle husmannsplassen i 1913. Året etter flytta han inn i dei gamle husa saman med familien og budde der til han døde i 1928. Her bygde han seg ein ny heim. På det vesle gardsbruket kunne Astrup dyrke mat til eige bruk, og han la ned mykje arbeid i hagen. Mange av desse situasjonane skildrar han i bileta sine, t.d. Rabarbra og småpike på Sandalstrand (1927) og Epletre i blomst (1927). Sandalstrand er på sett og vis ei spegling av kunsten og tankane hans.

 Ei vandring i tunet                   

Frå Jølstravatnet fører ein 100 meter lang svingete sti deg opp i Astruptunet. Denne bygde Astrup då han flytte hit i 1914. Like framfor Bestastova vel oppe i tunet, står det to store hestekastanjar som Astrup planta. Bestastova var ei stove mor til Engel fekk flytta frå Sunde til Sandalstrand rundt 1920. Då Besta flytta til Sandalstrand skal Astrup også ha sagt til svigermor si at ”vil du komme og bo hos oss, skal du få gjøre akkurat det du vil”.

På veg mot Kjøkkenstova passerer ein fleire av rabarbrasortane Astruptunet er kjent for. Kjøkkenstova var ei stove Astrup fekk flytta hit rundt 1916, og den fekk namnet sitt etter eit lite påbygg der det var kjøkken. Ovanfor stien ved stova ligg ein av dei mest brukte sitteplassane på Astrup si tid. Under ein stor hillar (heller), lagde han eldstad og sitteplassen som han kalla ”Grotten”.

Ved sidan av Kjøkkenstova ligg Peisestova, ei gamal årestove som vart flytta hit på 1700-talet. Dette var det første huset Astrup og familien flytta inn i. I beda framfor stova strekkjer den høge frøstjerna seg oppover veggen i sommarmånadane.

Hovedhuset var det siste byggeprosjektet til Astrup på Sandalstrand. Huset vart bygd saman av fleire gamle stover som Astrup kjøpte rundt om i bygda. I andre etasje bygde han seg atelier med store vindauge. Frå bakken og inn i den øvre etasjen bygde Astrup ei bru, men etter Astrup sin død fekk Engel bygd på mot vest, slik at ho fekk trapp opp til atelieret.

Ved husa finn ein både raudhyll og svarthyll. Bæra og blada vart tørka og brukt til te. På veg ned til kjellaren i Hovedhuset veks den kraftige Tromsøpalmen. I skråninga nedanfor desse gamle husa veks det tett med kvitpestrot, som i Jølster fekk namnet djevelrot. Om våren ser dei ut som digre lys, medan den utpå sommaren ser ut som forvokste rabarbraplanter. Ved stien opp mot tunet stelte Astrup to rogner med kunstnarhender. Desse to vart fletta rundt kvarandre. Midt i tunet er det framleis att nokre av frukttrea frå Astrup si tid, likeeins ved låvebrua inn til atelieret.

Frå Houvudhuset fører stien deg vidare opp mot endå ein sitteplass. Denne ligg ved flaggstanga, som Astrup fekk satt opp rundt 1920. På veg mot ”fjøsen”, som vart bygd opp att og opna som galleri i 1986, står ei trehes lik den vi ser i Sandalstrand (1927). Om lag 100 meter ovanfor denne, står framleis ”Astrups sju søstrer”, ei sjustamma bjørk.

Rett over vatnet ligg Bjørsetfjellet som dannar bakgrunn i fleire av måleria frå Sandalstrand. Ålhus ligg ved foten av Bjørsetfjellet, og frå sin nye heimstad hadde Astrup god utsikt til staden der han voks opp og Kleberfossen.

Solveig Berg Lofnes

 

 

EIKAASGALLERIET

 

Galleriet vart skipa i 1994 og konsolidert med Sogn og Fjordane Kunstmuseum i 2004. Det gamle meieriet på Ålhus vart kjøpt og bygd om til eit moderne kunstgalleri, etter teikningar av arkitekt Arild Waage, for å ta imot kunstsamlinga Ludvig Eikaas gav kommunen. Galleriet ligg på Ålhus langs E39, ved Jølstravatnet, med eiga badestrand og tilgjenge for rullestolbrukarar. Sal av grafikk, kort, bøker og anna. Kafé med enkel servering inne og ute.

Samlinga vart donert til Jølster kommune av Ludvig Eikaas. Den omfattar no over 850 verk i ulike teknikkar; grafikk, maleri, skulptur, trykkplater, collage, readymade mm

 

 

 

SUNNFJORD MUSEUM

Sunnfjord Museum er ein avdeling av Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane og regionmuseum for alle kommunane i indre Sunnfjord. 

Sunnfjord Museum vart, som mange andre av dei norske folkemusea, skipa på byrjinga av 1900-talet. Nasjonsbygginga etter unionstida var nok ei viktig drivkraft i dette arbeidet.

Sunnfjord Sogelag som eig museet vart skipa i 1910, men museet vart ikkje opna før i 1926. Første museumsstaden var i Førde sentrum. Staden var ikkje godt eigna, og alt i 1950-51 vart museet flytta til Movika, der det sidan har lege. Dåverande formann i Museumsforbundet, Robert Kloster, som held talen på nyopninga sa mellom anna

"...jeg har sett mange museumsområder gjennem årene, men sjelden har jeg sett noe så vakkert og selvfølgelig som Movika".

Movika er ein gamal husmannsplass, og i tillegg til dei tilflytta husa, har vi også tatt vare på dei gamle plasshusa.

 ragnarragnar
Foto: Ragnar H. Albertsen

Det var berre 3 antikvariske hus som vart flytta frå Førde til Movika. På 1950- og 1960-talet kom det mange nye hus til, og friluftsmuseet slik ein kjenner det i dag, byrja å ta form. I 1975 kom den statlege tilskottsordninga for halvoffentlege museum, noko som totalt endra arbeidstilhøva for musea her i landet. Sunnfjord Museum kom også med på denne ordninga, og i 1978 kunne museet for første gong tilsette eigen styrar ved museet. Samtidig fekk ein realisert planane for eit eldfast kontor- og utstillingsbygg og seinare eit eige verkstadbygg.

Sunnfjord Museum er i dag eit moderne museum der ein kan ivareta dei fleste museumsfaglege oppgåver.


 

 

 

 

S

© Jølvassbu Camping, N - 6847 VASSENDEN, MOBIL + 47 92 06 22 03, E-post: post@jolvassbu.no - Meir info