Overnatting • Hytter
|
Booking og kontakt:
HØST OG VINTER
JAKT OG FISKE Om høsten kan fisket vere eventyrleg. Når elvane veks er ørreten ofte svært bitevillig. Dei små elvane som renn inn i Jølatravatnet er først ute, dei treng mindre nedbør for å bli flaumstore, medan Jølstra gjerne treng eit par dagar for å reagere særleg på nedbøren. Dersom ein er heldig, kan fisket vere fantastisk i ei heil veke. Det er viktig å halde seg orientert om når det er lov å fiske i dei forskjellige elver og innsjøer, f.eks er Jølstra stengt for fiske fra 1. oktober til 15. april. I Jølstravatnet og mellom Brulandsfossen og Stakaldefossen er fiske tillatt heile året. Gode jaktmuligheter på rype og hare. Vi har jaktkort for Jølster.
Dersom du går inn på www.jolsteraurefest.no kan du finne digitalt fiskekart over Jølstervassdraget!
BÆR- OG SOPPLUKKING Bær og sopp er ein unytta resurs som står og ventar på deg. Blåbær, tyttebær,krekling, ville bringebær og molter er vanlege bærtypar i denne regionen. Kantarell, piggsopp og steinsopp er også å finne i gangavstand fra Jølvasssbu.
VANDRING I september er fargeprakta i fjellet uimotståeleg. Lufta er klar og frisk. Det fins mange flotte turer frå heilt lette til krevande.
TURLANGRENN Jølster Løypelag har 20 km preparerte turløyper inn til Gjesdalsdalen og har lysløype for langrenn. Ein kan gå på ski frå Jølvassbu til skiløypa/lysløypa, ca. 300m
ALPINT heilt ferskenybegynnar til den røynde alpinist som krev tøffe utfordringar. Samla lengde nedfartar er over 4000 m. Ein kan velge mellom 4 heisar, skitrekka Kvamsheisen og Bjørkeliaheisen samt barnetrekket Uglumheisen og familiebakken med Hauglandheisen. Meir informasjon sjå deira eiga heimeside: Jølster Skisenter
|
|