Overnatting

 • Hytter
 • Bubil og telt
 • Priser

Aktivitetar

 • Vår og sommar
 • Høst og vinter

Informasjon

 • Jølvassbunytt
 • Jølster
 • Kart
 • Kontakt oss

English

Norsk

VÅR OG SOMMAR PÅ JØLSTER

FISKE                                                   
Jølstravassdraget er eit eldorado for ørretfiske, eit av dei beste i Norge. Hovedvassdraget er 50 km langt og har god plass til alle som vil fiske. Her er ørret i halvkilosklassen daglegdags, og kvar einaste sesong vert det teke ørret på fleire kilo. Vi sel fiskeutstyr, fiskekort, leiger ut fiskeutstyr og båter i Jølstravatnet.

                 

Treng du litt opplæring i fiske, valg av rett fiskeutstyr eller valg av fiskeplass, vil vi sjølvsagt vise deg.

KAJAKKPADLING PÅ JØLSTRAVATNET

 

Go´Kajakk i Førde har inngått samarbeid med reiselivsaktørar i fylket for å gje eit nytt tilbod for alle som vil prøve seg i kajakk på ein trygg måte, og ikkje minst i vakker natur.Kajakkane er ein hybrid mellom kajakk og kano, og er stødige og lette, og sjansane for å velte er minimal om ein ikkje er ute etter å velte sjølv. Dei skal derimot ikkje nyttast i elv eller på ope hav, då dei lett kan fyllast med vatn.

Jølvassbu har to baser med kajakkar som kan leigast for ein rimeleg pris. Kvar base har to tandemkajakkar og to barne/ungdomskajakkar, så 12 personar kan padle på tur.
Godt instruksjonsmateriell og flytevester fylgjer ved leige.

 

BADING
100 m frå Jølvassbu Camping ligg ei flott sandstrand, lett å få seg ein svalande dukkert på varme sommerdagar. Stranda er langgrunn og svært barnevennleg.


                             7



 

RAFTING
Jølster Rafting tilbyr rafting i Stardalselva og Jølstra. Dei har også tilbud om paintball, rapperlering, elvebrett m.m. Sjå meir informasjon på Jølster Rafting si eiga heimeside: Jølster Rafting

        

        

                                

 

 

JØLSTERMARATON

Årvisst maraton rundt Jølstravatnet. Med masse deltakare frå inn- og utland. Påmelding finn du på : Jolster-maraton.no

 

        

GOLF
Sunnfjord Golfklubb si golfbane med 9 hol par 70, lengde 4510 m, ligg på Vassenden. Meir informasjon om Sunnfjord Golfklubb finn du på deira eiga heimside: Sunnfjord Golfklubb

                                                     

FJELL- OG TURSTIAR
Jølster har ein vakker, variert natur frå skogkledde lier til stupbratte fjell med bre på toppen. Jølstravatnet er det naturlege midtpunktet med ei mengd småelvar og vann omkring. I heile kommunen er det merka turløyper. Lokale kart har vi på Jølvassbu og vi hjelper gjerne med den info du treng. På breen må ein ha guide.

   

 

SYKKEL
Sørsida av Jølstravatnet, ca. 20 km frå Vassenden til Skei, er eit roleg område å sykle i. Kombinert med eit besøk på Astruptunet er dette ein flott tur. Jølvassbu har for tida 4 syklar for utleige.( 2 voksne og 2 for barn)

                                 

BRETURAR       


breogfjell.no tilbyr blant anna profesjonell guiding på Haugabreen, ein arm av Jostedalsbreen.



© Jølvassbu Camping, N - 6847 VASSENDEN, MOBIL + 47 92 06 22 03, E-post: post@jolvassbu.no - Meir info